Etter separering sette dei skummamjølka til surving. Ho måtte stå nokre dagar og verta godt sur. Dei måtte røra i ho.
Så hadde dei den sure mjølka i ein koparkjel og varma ho varsamt til osten flaut opp. Sidan bruka dei litt sterkare varme til osten sokk til botnen. Etter det skulle mjølka ha eit oppkok.
Så auste dei vekk mysa, slik at berre osten låg att. Osten måtte arbeidast godt. Til det bruka dei ei ause og rørte med.
Når dette var gjort, auste dei osten varm opp i ost-askar (former) og dekte han godt til med eit plagg. Slik stod han i ca. 1 døgn. No kvelvde dei osten ut på noko høy eller halm. Slik måtte han stå lunt i 6-8 veker. Osten måtte snuast ein gong pr. dag. Det skulle veksa mugg på han. Dette arbeidde dei inn i osten etter kvart.
På stølane kunne det verta for kaldt til å få osten mogen. Då pakka dei han ofte ned i sengehalmen. Dette skunda på prosessen.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget