Oppskriften har fått 4,5 poeng fra 2 lesere Lesere: 8662 totalt.
Annonse
Ingredienser
Klikk på ingrediensen for mer info og fler oppskrifter med ingrediensen.
Fremgangsmåte:
Bland saman alt det turre. Ha i mjølka litt om senn, og kna deigen godt til kjevling. Kjevl nokså tynne leivar, 40-50 cm i tverrmål, og steik dei på lefseplate på båe sider (ikkje for sterk varme). Når leiven er ferdigsteikt, kan han delast med kniv i fire stykke. Legg desse oppå kvarandre med litt press. Bruk eit kjelelok. Før du serverer lefsa, skal ho bløytast i lunka vatn og leggjast til turk utover eit klede.
Denne lefsa er like god i månadsvis når du lagrar ho på eit turt og kjølig rom.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget