12 middels store, rå poteter
1 ss salt
byggmjøl
kveitemjølk
4 gulrøter
1 liten kålrabi
1 kopp søt mjølk
Fremgangsmåte:
Dette er ein rett som var mykje bruka om hausten når grønsakene var friske og ein hadde rikeleg med spekeknokar som det framleis var litt kjøt på.
Turka lammerygg er også godt til denne retten. Er kjøtet salt, vatnar ein det ut natta over.
Mal potetene, ha i salt, bland i like mykje byggmjøl og kveitemjøl til passeleg fast røre, dvs. som ein graut. Når kjøtet har kokt ca. 1 t, legg ein med skei små kaker oppå kjøtet. Bruk ei stor gryte med rikeleg vatn i.
Ha i gulrøter og kålrabi skore i terningar. Ha i søtmjølk til slutt som kokar med ca. 5 min.
Denne oppskrifta kjem frå ytre Stadlandet.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget