Deig:
Sikt mjølet og bland i sukker. Kok opp mjølk og smør/margarin og slå det kokande over mjølet. Rør det raskt saman og kna deigen på bordet i 5 til 10 minutt.
Utbaking:
Del deigen i 12 emne. Trill til runde, sprekkfrie bollar. Legg dei på eit fat, strø mjøl under og over. Dekk med handkle og plast, og set det kaldt. Du kan byrje å kjevle når emna er kalde, eller så kan dei stå til neste dag. Ikkje la dei stå for kaldt, då vert dei tunge å kjevle ut.
Set takka på 1 (av 3) eller 5 (av 10) før du byrjar. Kjevla på papirmal, 46 centimeter i diameter. Du kan også klippe ut mal i voksduk og bake på baksida. Trykk emnet flatt, strø 2 spiseskjeer mjøl under og over. Kjevle ut til 30 centimeter og snu leiven. «Rist» på malen så du er sikker på at leiven ikkje heng fast. Strø litt meir mjøl på før og etter at du snur den.
Leiven vert lett tynn i midten og tjukkare rundt kanten. Når det er att 2,5 centimeter til du har kjevla ut leiven, gjer du slik: Kjevle dei 10 til 12 ytterste centimeterane av leiven ut mot kanten. Kjevle mot deg, snu på malen hele tida. Ei «runde» er som regel nok. Altso: Den siste «runda» kjevlast ikkje frå midten, berre dei 10 til 12 ytterste centimeterane. Då får du ei jamn tjukk eller tynn leiv som er 46 centimeter. Legg leiven på takka i cirka eitt minutt. Legg den på papir. No er du ferdig med fyrste trinn.
Skru opp varmen på takka. Legg leiven utpå, dusja med vatn, og la den liggje til den er «tørr» – det går fort. No kan leivane liggje til dei er kalde (legge eit klede over), eller du kan gå vidare med det same.
Eggeblanding:
Visp saman 4 til 5 egg med 2 ss vatn og eventuelt gul konditorfarge. Sil blandinga. Smør blandinga på eine sida av leiven, legg den på takka med eggeblandinga opp. Når den er stivna, snur du den. OBS! Dei brune prikkane kjem fort.
Bløyt og smør leivane:
Bland smør og melis. Bruk langpanna når du bløyter leivane. Legg leivane i klede og dekk med plast. Dei vert fort mjuke, i alle fall om du smør dei dagen etter baking.
PS! Møllerens mjøl eignar seg best i denne samanhengen.
Har du prøvd oppskriften? Sett karakter
Mer info
Forfatter:Knut Pettersen Kilde:Norsk Tradisjonsmat
(Intern: 34810)
Tilberedningstid:
60 min +
Oppskriften er vanskelig å tilberede
Kategori:
Lefse Land:
Norge Fylke:
Rogaland
Nasjonal/tradisjonsrett Innlagt dato:2019-11-23
Oppdatert dato:2019-11-23