Kok opp bær med vatn og kok i 4 minutt. Rør inn fruktpektin og kok i 1 minutt.
Rør inn sukkeret og kok i 2 minutt til sukkeret har løyst seg opp.
Skum av og fyll på reine varme glas. Tørk av kanten om naudsynt og skru lokket godt på.
Oppbevar syltetøyet mørkt og kjøleg.
Sylting er ein tradisjonsrik måte å konservere frukt og bær på. Eldre oppskrifter på saft og syltetøy er tilpassa den oppbevaringsmåte som ein rådde over då. Det vanlege var å ha syltetøy på krukker som ikkje var tette, difor måtte dei bruke mykje sukker for at syltetøyet skulle stå seg. No har vi glas med lok som blir hermetisk tette om vi syltar på rett måte, og då står syltetøyet seg med lite sukker.
Denne oppskrifta er frå Kari Støfringsdal - forfattar av Fjordamat-bøkene.
Har du prøvd oppskriften? Sett karakter
Mer info
Forfatter:Knut Pettersen Kilde:Norsk Tradisjonsmat
(Intern: 34193)
Tilberedningstid:
10-20 min
Oppskriften er enkel å tilberede
Kategori:
Syltetøy/gele Land:
Norge Fylke:
Sogn og Fjordan
Nasjonal/tradisjonsrett Innlagt dato:2018-07-26
Oppdatert dato:2018-07-26