4 hg røykt kjøt
2 hg røykt pølse
2 hg røykt flesk
5 middels poteter
1.5 l vatn
Jamning
0.5 l sur skumma melk
2 toppa ss byggmjøl
Fremgangsmåte:
Skjer flesket, korven, det røykte sauekjøtet og potetene i små terningar. Kjøtet er kokt på førehand og krafta teken vare på.
Så slår ein surmjølka i gryta og varmar ho opp til kokepunktet. Deretter siler ein ifrå kosten, som ikkje skal vera med i soppa. Så fyller ein på med vatn og kjøtkrafta, det oppskorne kjøtet, pølsa, flesket og potetene.
Gje så det heile eit godt oppkok før ein rører i jamninga av vatn og byggmjøl. Så er supanesoppa ferdig til servering.
Nokre har flatbrødet oppi soppa, andre et det ved sida av. På bordet skal det stå sirup, smør eller flot og gammalost.
Retten vert bruka både til kvardags og til fest. På same måten som smalahove har supanesoppa fått sin renessanse, og ho vert no bruka som festmat ved veitler og andre samkomer.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget