Skjer opp i serveringsstykke.
Legg desse i vatn ca 8-12 timar.
La pinnane få eit oppkok i rikeleg med vatn. Smak på vatnet. Dersom det er for salt, slå av litt av vatnet, og erstatt med nytt friskt vatn. Gjenta denne prosedyren. Smak deg fram til rett saltinnhald.
Småkok/trekk (la det bobla lett) kjøtet i 1,5-2 timar. Slå på meir vatn etter kvart som det kokar inn. Kjøtet er ferdig når det losar beinet lett. Ikkje slå ut vatnet/ smelta feitt som ligg att i gryta. Det skal brukast til flotet.
Ta forsiktig opp pinnekjøtet med ei fiskeause el.l og legg det over i ei langpanne og set denne i steikeovnen på ca 225 grader. Skjerp kjøtet nokre minutt til det byrjar og fresa og feittet får ein gyllen farge. Server straks på varme fat.
P.S Grunnen til at me ikkje dampar på bjørkepinnar er at me ynskjer å bevara meir av smaken i kjøtet.
Kålrotstappe
Pinnekjøtet vert i Hardanger servert saman med ei solid kålrotstappe. Denne er laga av:
1 kg kålrot,
250 g gulrøter.
150 g meierismør,
1/2 boks seterrjome
juster konsistens med kremfløyte
Smak til med salt og pepper.
Til ca 6 pers.
Poteter
Bruk poteter du likar.
Flot
Ta av ein del av det flytande feittet som legg seg på toppen av gryta når du kokar kjøtet.
Halvbland dette med smelta meierismør. Server rykande varmt i sausnebb.
Heimelaga flatbrød
Det er svært viktig at retten vert servert med ekte heimelaga flatbrød. Heimelaga flatbrød kan du prøva å få tak i lokalt, eller ved kontakt til www.norsk.gardsmat.org.
Ved å nytta dei oppskrifter og det tilbehøret som her er omtala, meiner me at gjestene vil få ei smaksoppleving som er av det beste Hardanger kan visa til.
Har du prøvd oppskriften? Sett karakter
Mer info
Forfatter:Knut Pettersen Kilde:
Hardinglam
(Intern: 2118968987)
Oppskriften er middels vanskelig å tilberede
Kategori:
Kokt/dampet Land:
Norge Nasjonal/tradisjonsrett Innlagt dato:2005-07-05
Oppdatert dato:2005-07-05
Legg inn kommentar eller trykk liker på denne oppskriften. PS: Om du oppdager feil på oppskriften, send meg heller en mail.