Krotakaker fra Hardanger



Krotakaker fra Hardanger oppskrift.
Fotograf: Norsk Tradisjonsmat
Ein type lefse frå Hardanger. Stor porsjon

Oppskriften inneholder 206 Kalorier, 42 g Karbo, 5 g Protein og 1 g Fett pr 100 gr
Oppskriften har følgende allergener Gluten,
Klikk her for mer info om næringsinnhold og allergener.

Krotakaker fra Hardanger er: Vegetar
Klikk her for mer info vegetar/ikke vegetar



Annonse




Ingredienser

Klikk på ingrediensen for mer info og fler oppskrifter med ingrediensen.
Antall porsjoner Oppskriften har opprinnelig 1 porsjoner
5litervatn
6kgsikta rug (ca. 5,5-6 kg)
500grsammalen rug
1150grfin kveitemjøl
8tssalt, eller ca 1 ts pr kilo mel
2,5tssukker
50grgjær




Kalorier og næringsinnhold i Krotakaker fra Hardanger med ingrediensene over!

NavnVerdi pr 100 gVerdi pr porsjonVerdi pr stykkeEnhet
Kalorier205.9626 298.00292.20Kcal
Protein4.72602.676.70gram
Karbohydrat41.825 339.7959.33gram
Kostfiber5.04643.537.15gram
Fett1.08137.901.53gram
Mettet fett0.1215.320.17gram
Salt0.4355.240.61gram
Pris på oppskriftenKr 0.85Kr 108.53Kr 1.21.-
Hele oppskriften veier12 769 totalt12 769 pr porsj142 pr stk gram

Fremgangsmåte:

1 porsjon gir ca 90 krotakaker

Lag deigen kvelden før du skal steikja krotakaker. Rør ut gjær i kaldt vatn og tilset dei øvrige ingrediensane. Deigen skal då vera som ein fast brøddeig. Set til heving over natta.
Når ein skal knoa opp att neste morgon er deigen blitt ganske laus. Då lagar ein seg ei blanding av sikta rug med cirka 15 % kveitemjøl. Av dette brukar ein etter behov, litt og litt, til deigen er lett å arbeida med og let seg lett baka ut. Her er det berre prøving og trening som skal til. Denne knoa bør og liggja å heva seg litt før ein lagar emna som kan vera på cirka 120 gram, etter kor stor steiketakke ein har. Om du er nybyrjar er det lurt å laga mindre emne i starten.

Til breiemjøl (utbaking) brukar ein same sort mjøl eller berre kveite. Bak ut kakene til cirka 40 cm i diameter. Etter utbaking vert dei krota. Ein rullar eit spesielt krotakjevle over på langs og på tvers slik at det vert ruter. Dette for at dei ikkje skal blåsa seg opp under steikinga. Kakene vert steikte i ein oppmura, open ovn berre til dette bruket. Dei vert lagde på ein spesiell spade som vert førd inn i ovnen og plasserer kaka på ei jernplate. Det vert fyra med orreved på begge sider av plata inni ovnen. Vedskiene av orreved skal vera ca 65 cm lange og open eld skal slå over kakene under kvelvingen i baksteomnen. Kakene skal ikkje snuast og dei skal vera harde og sprø når dei er ferdig steikte. Denne oppskrifta gir cirka 90 krotakaker.

Krotakaketradisjonen har halde seg fram til i dag, men no lagar ein ikkje i så store mengder. Det er mykje vanleg å bløyta kakene og eta dei med smør og sukker, prim, egg eller anna pålegg, men dei er og gode som knekkebrød med smør og til dømes ost.

Om du vil steikja same dag som du lagar deigen kan du røre ut gjær i lunka vatn.

Ein kan steikja krotakaker på elektrisk takke, men då går ein glipp av den fine røykesmaken av brent orreved. Ved steiking på elektrisk takke må kakene snuast, sidan ein ikkje har overvarme her.

Har du prøvd oppskriften? Sett karakter

1 2 3 4 5 6



Mer info

Forfatter:
Kilde: Norsk Tradisjonsmat
(Intern: 34832)
Tilberedningstid: 60 min +
Oppskriften er middels vanskelig å tilberede
Kategori: Lefse
Land: Norge
Fylke: Hordaland
Nasjonal/tradisjonsrett
Innlagt dato:2019-11-25
Oppdatert dato:2019-11-25
Lesere: 439 totalt.

Legg inn kommentar eller trykk liker på denne oppskriften.
PS: Om du oppdager feil på oppskriften, send meg heller en mail.



Prøv en lignende oppskrift

Prøv også Krotakaker fra Hardanger.Krotakaker fra Hardanger.
Denne retten har 205,96 kcal pr 100 gram.
Denne retten har 41,82 gr karbo pr 100 gram.
Denne retten har 1,08 gr fett pr 100 gram.
Denne retten koster Kr: 0,85.- pr 100 gram.
Les hele oppskriften her med fullt utregnet næringsinnhold ++







Ansvarlig utgiver: © 2002- Databasesør AS Adresse: Matoppskrift.no,
Major Laudalsvei 6, 4630 Kristiansand Orgnr.: 911 668 602 mva.