Lake av:
2 1/2 liter vatn
400 g jodfritt salt
2 ss sukker
eventuelt litt salpeter
Fremgangsmåte:
Dette er ei salta. turka og dampa svineribbe som vert «skjerpa» i varm steikeomn før ho vert servert saman med eller i staden for pinnekjøt. Bruka på søre Sunnmøre og i Nordfjord.
Kok opp laken og avkjøl han heilt. Legg ribba oppi og pass på at ho vert heilt dekt av laken. La dette stå kjølig i to døgn.
Heng ribba opp på ein luftig og kjølig stad og la ho hanga i minst 8 døgn.
Skjer ribba i 2-2 1/2 cm tjukke skiver og damp dei på rist eller bjørkepinnar i 1 time. Dei kan også damptist saman med pinnekjøtet. Legg skivene over i langpanna og set dei i god varm omn, ca. 250'C, eller under grillen i 5-10 minutt.
Server saman med surkål, poteter og gjerne kålrotstappe. Flatbrød høyrer til.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget