Bland alt til deigen i den rekkefølga som står. Kjevl ut ein tjukk leiv og stikk ut runde lefser. Bruk gjerne rute-/rillekjevle, og ha ei knestrømpe kring kjevla. Så legg ikkje deigen i så lett. Steik på takke.
Varm og nysteikt kan dei ete ho som ho er attåt kaffekopp, elles er det vanleg å ha på smør og sukker, sukker og kanel, sirup eller søt brunost.
Legg to lefser saman og skjær snippar.
Furkujnnmat!
Tjukklefsa ‘na Johanne fikk hedelig omtale i konkurransen «Norges beste lefse», som ukebladet Familien og Norges Bygdekvinnelag arrangerte høsten 2018. Opphavskvinna er Johanne Haugen fra Renneby, mangeårig medlem i Rennebu Bygdekvinnelag. Oppskrifta er sendt inn fra Rennebu Bygdekvinnelag, ved Marit Gorsetbakk, som forteller om lefsa:
Denne lefsa sel Rennebu Bygdekvinnelag om lag 2 000 stykk av dei tre dagane i august Rennebumartna’n står på. Oml. 800 er førehandssteikte og frosne, resten steiker vi der og da i bua vår på martna’n. Vi har alltid den lengste, blidaste og mest tålmodige køa, der kundane ser, og luktar, at lefsene deira blir kjevla og steikt. Vi plar seia at vil dei ha lefsene enno ferskare og meir kortreiste, kan dei kome inn i bua og kjevle dei sjølv.
Har du prøvd oppskriften? Sett karakter
Mer info
Forfatter:Knut Pettersen Kilde:Norsk Tradisjonsmat
(Intern: 34826)
Tilberedningstid:
20-40 min
Oppskriften er middels vanskelig å tilberede
Kategori:
Lefse Land:
Norge Fylke:
Sør Trøndelag
Nasjonal/tradisjonsrett Innlagt dato:2019-11-24
Oppdatert dato:2019-11-24