Lefser fra Nordfjord inneholder
228 Kalorier,
41 g Karbo,
7 g Protein og
3 g Fett pr 100 gr
Lefser fra Nordfjord har beregnet å ha følgende allergener
Gluten, Melk,
Klikk her for mer info om næringsinnhold og allergener.
Lefser fra Nordfjord er:
Vegetar
Klikk her for mer info vegetar/ikke vegetar
Oppskriften har fått 5,1 poeng fra 7 lesere
Lesere:
20745 totalt.
Annonse
Ingredienser
Klikk på ingrediensen for mer info og fler oppskrifter med ingrediensen.
Næringsdeklarasjon for Lefser fra Nordfjord!
Navn | Verdi pr 100 g | Verdi pr porsjon | Enhet |
---|
Kalorier | 227.69 | 4 755.31 | Kcal |
Protein | 7.12 | 148.70 | gram |
Karbohydrat | 40.71 | 850.23 | gram |
Kostfiber | 3.02 | 63.07 | gram |
Fett | 3.37 | 70.38 | gram |
Mettet fett | 1.77 | 36.97 | gram |
Salt | 0.21 | 4.40 | gram |
Pris på oppskriften | Kr 1.47 | Kr 30.70 | Kroner |
Hele oppskriften veier | 2 089 | gr totalt | gram |
Energiprosent fra karbo | 71,51 % | Ikke lavkarbo | Hva betyr dette? |
Fremgangsmåte:
Skrell potetene, kok dei og mal dei medan dei er varme. Kok semulegraut. Bland poteter og avkjølt graut godt saman. Arbeid inn mjøl til deigen er passeleg fast til å baka utover. Elt godt, men deigen må ikkje verta seig. Bak ut til tynne leivar og steik på takke ved heller sterk varme, men la ikkje leiven verta brun. Legg dei ferdigsteikte leivane i stablar når dei er kalde.
I enkelte bygder i Nordfjord lagar dei snekalefser. Til å sneka lefsene brukar dei råmjølk eller ei blanding av mjølk og mjøl (ca. 3 ss mjøl til 1 l mjølk). Når lefsa er baka, legg dei henne på takka og steikjer så vidt på eine sida; lefsa skal framleis vera mjuk. Dette kalla dei å løypa leiven. Så gnir ein blandinga utover leiven, på den kvitaste sida, ca. 1 ss til kvar leiv. Så steikjer ein leiven på den usneka sida.
Når lefsene skal brukast, dynkar ein dei med vatn på den eine sida og let dei liggja under klede til dei er mjuke. Snekalefser skal dynkast på den usneka sida. Smør lefsene med smør og sukker, eller smør og melis som er rørt godt saman. Brett lefsa saman og skjer i passelege stykke. Dei kan serverast med gombe attåt. Lefse og gombe er festmat.
Lefsene kan og dynkast og delast opp i mindre stykke og setjast på middagsbordet attåt kokt fisk og pinnakjøt. Då har ein smør på og lagar kling med fisk og poteter og gulrøter, eller kjøt, poteter og kålrabi eller kålrabistappe
.
Lefser er festmat. Dei vert framleis baka til jol, til brudlaup, barnedåp og elles store gjestebod. Før var det og vanleg med lefser i gravferder.
Hentet fra Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue. Utgitt med tillatelse fra Det Norske Samlaget
Har du prøvd oppskriften? Sett karakter
Mer info
Forfatter:
Knut Pettersen
Kilde:
Det norske Samlaget
(Intern: 18238)
Kategori:
Lefse
Land:
Norge
Fylke:
Sogn og Fjordan
Nasjonal/tradisjonsrett
Innlagt dato:2004-07-07
Oppdatert dato:2004-07-07
Legg inn kommentar eller trykk liker på denne oppskriften.
PS: Om du oppdager feil på oppskriften, send meg heller en mail.
Prøv en lignende oppskrift